Dette virkar som ei utruleg spennande bok. Der det skjer ein heil masse, heile tida, utan stopp. Akkuratt ei slik bok eg var ute etter. Med englefjes har Røssland gitt norsk ungdom ei storkjefta og dumdristig heltinne som stikk nasen sin i andre sine saker.
Kvifor valgte eg denne boka?
Englefjes var ei bok eg fekk annbefalt. Eg skjekkte seinare opp forfattaren som med eitt virka interessang og spennande. Ho har bøker med eit sentralt tema om å finne seg sjølv og sin plass i ein kaotisk verden. Forhold mellom foreldre, vennar, rus, sex og vold mot seg sjølv og mot andre. Dette er sentrale temaer som stadig dukker opp i våras hverdag, og som me som lesare kan kjenna oss igjen i.
Eg håpar dette bler ei bok som faller i smak hos meg. Ei bok eg ikkje klarar leggje frå meg, som frå begynnelsen til slutt er fyllt av spenning og interessange vendepunkt.
