Dei gamle, grå husa låg øvst i skogbrynet. Eg hadde aldri turd å nærme meg. Ingen hadde det. Den avflassede malingen og dei tildekkede vindauga fikk det til å gå kaldt nedover ryggen på meg. Ikkje for å nevne den mørke, uhyggelege skogen i bakgrunnen.
Det gikk historier om dei husa der, frå fleire tiår tilbake. Historier som fikk folk til å trekke seg unna. Historier som sendte noko kaldt og ubehageleg gjennom kroppen når eg tenkte på gata som låg der.
Ingen av husa var bebodd. Og ikkje hadde dei vore det heller dei siste 80 åra. Ingen ville bu der. Det vart sagt at merkelege ting skjedde der. Du kunne høyre rare lyder og rykter begynnte å vandra. Det varte også sagt at dei utførte eksperimentar på sjuke pasientar innanfor dei dørene. Forferdelege ting skjedde..
Gata som ein gang hadde tilhørt rike og vellykkede doktorar, phsykologar og forskere, var nå mørklagt av frykt. Det var ein gang ei velståande gate, der berre dei mest vellykka budde. Nå var gata trekkt inn mot skogen, og skult bak synet frå viljen.
Folk meinte det var ondskap i husene. Nokon trudde dei dreiv med genmodifisering, mens andre snakka om kanibalisme og tortur. Uansett, så var folket einige om at det var ting i dei gatene som ikkje var som dei skulle. Men ingen rakk å reagere eller finne ut noko meir om saka før alt blei lagt stillt, og gløymt...
Eg stod nede med Rema 1000 og såg opp den grusbelagte vegen som førte opp til dei gamle, grå, falleferige husa. Ingen hadde vori der på fleire år. Ingen som turd nærme seg. Men eg hadde bestemt meg. Eg skulle snike meg inn i eitt av husa og finne ut kva slags hemmelegheit som gjemte seg. Noko måtte det jo væra, siden alle gikk så beserk med rykter og redslar.
Det var verken lyktestolpar eller anna belysning. Det einaste som ga meg ein viss anelse om kor eg var på vei var lyset frå fullmånen som stod for fullt på den kullsvarte nattehimmelen. Noko som ikkje gjorde plassen meir imøtekomman.
Husa var dekka av avflasset maling, uhygge og knuste rutar etter unger med litt for stor tøffheitsgrad. Nokon vindauger og dører var spikret igjen, og dekket over med planker.
Dei fleste husa var like, untatt eit. Det var eitt hus som skilla seg ut. Det låg i enden av vegen. Lengst inn mot skogen, lengst bort frå alt anna. Det huset var større enn dei andre. Og det virka som om det var dette huset som dominerte gata. Like som om det var noko spesielt med akkuratt det huset. Det var eit eller anna som på ein måte drog meg mot det. Akkuratt som om det ville at eg skulle komme til det. Med eller utan vilje.
Dette var huset eg måtte inn i.
Utruleg nok var det ikkje så vanskelig. Ein runde rundt huset, og eg fant ein åpning. Dei fleste vindauga var spikret saman, og det same gjaldt døra. Men eg fant eit lite vindaug som stod litt på gløtt. Eg klarte lett som ingenting å smyga meg inn. Eg var jo sa litan, eg. Det hadde eg alltid fått høyrd.
Det var så vidt eg turde puste. Eg ville laga minst mulig lyd. Kvifor veit eg ikkje. Det var jo ikkje som om det var nokon i huset, men likavell... Det var noko ekkelt over det heila.
Rommet eg var kome inn i minnet meg mykje om ei normal stoge. Sjølvsagt var møblane gammle, og stygge. Men kva kan man si? Folk har det jo ikkje vært her sidan seinast 50-tallet. Men alt hadde sin stil. Rommet var møblert med sofaer og border, hyller og eit lite skap som stod låst. Eg undrast kvifor.
Eg gikk videre inn i huset. Videre inn til gangen, og derettar ned til kjelleren. Det var altfor mørkt til at eg kunne sjå noko, men ettar kvart fant eg ein lysbrytar. Du skulle nesten ikkje tru det, men etter 50 år virka den enda. Lyset gikk på og fyllte rommet opp. Eg kunne beskrevet det som ‘fyllte rommet opp med varme’, men varme var noko av det sista som slo meg når eg fekk sjå rommet. Det var alt anna enn varmt. Grusomt var nok ordet. Gulvet var fullt av gammle sprøytespisser og inntørka blodflekker. Det lå rustne, gammle gjenstander som eg ikkje kunne gjenskjende. Det må ver nokon form for instrumenter eller legeutstyr. Uansett såg det ikkje vennleg ut.
Plutseleg hørte eg ein lyd. Eg skvatt som ein stukken gris, og hjartet mitt dunka seg nesten ut av brystet. Kva var det? Var det berre noko eg innbilda meg? Nei... det kan det ikkje vært. Eg bestemte meg for å komme meg ut av huset så fort som berre mulig. Eg sprang opp trappa, men døra var låst. Eg meinar bestemt det var den døra eg gikk ned. Men nå var den umuleg å opne. Eg kjende eg fekk panikk. Kaldsvetten begynnte å renne, og det gikk rundt for meg. Plutseleg blei alt svart. Like kulllsvart som himmelen på utsida. Det var alt eg såg no. Den svarte nattehimmelen, full av stjerner. Så forsvant alt.
bildet frå http://weheartit.com/